Set du bustaden i stand i sommar?

Du har mange miljømerka produkt å velje mellom når du set bustaden i stand. Sist ut var svanemerka utandørsmaling.
Av Miljømerking 16.07.2009
Andre døme er svanemerka vindauge frå Nordan, samt eit godt utval av ulike svanemerka golv. Tidlegare i år vart også svanemerka parkettlim lansert.
Best kjend av dei svanemerka byggeprodukta er kan hende innandørs maling, som også fleire gonger har vorte kåra til "best i test". Beckers er først ute med svanemerka utandørsmaling. Malingane møter strenge krav til helse, miljø og kvalitet.
Du finn og fleire typar svanemerka bygningsplater. Til deg som allereie nå vil førebu vinteren er det verd å merke seg den lange rekka svanemerka vedovner, og ikkje minst kjeler for faste biobrensle.
Svanemerka utandørsmaling er våren store nyhende for deg som vernar miljøet.
