Uni-Kt svanemerka vaskeri

Haugesundsbedrifta Uni-K er tiltaksbedrift og miljøpionér. Dette er eit av dei første frittståande vaskeria som klarer å bli svanemerka.
Til no er det flest vaskeri i store kjeder som har oppnådd å bli svanemerka, men i dag får det vesle, frittståande vaskeriet Uni-k beviset for at dei har klart dei strenge miljøkrava som det offisielle miljømerket Svanen stiller.
I alt er det 10 000 menneske som har varig tilrettelagt arbeid i Noreg. 120 av dei jobbar i Uni-K i Haugesund. Bedrifta har eit lite, men offensivt vaskeri som gir arbeid til 25 personar, og har store og krevande kundar i kommunesektoren og næringsmiddelindustrien. For ei tid tilbake begynte Uni-K å merke at kundane ønska at dei skulle ha eit miljøstyringssystem.
- I eit lite vaskeri som vårt har vi ganske god kontroll på kva som skjer. Vi visste vi var gode på å drive miljøriktig, og når vi skulle dokumentere det, var det naturleg å velge den mest krevande metoden, nemlig svanemerking, seier daglig leder Rune Troland.
Svanemerket stiller strengare krav til verksemda enn andre miljøstyringssystem. Mange må redusere bruk av både energi og kjemikalier, men auke bruken av svanemerka rengjeringsmiddel. Transportsida av verksemda er også en krevande, men viktig del å gjøre meir miljøtilpasset.
- Resultatet av å svanemerke vaskeria er at miljøet blir spara for utslepp av klimagassar og sterke vaskekjemikaliar, men i denne bransjen er det også store pengar å spare på reduserte strøm- og vassregningar. Ikkje berre gjev Svanemerket grøn samvittigheit, men det gjer også positivt utslag på botnlina, seier Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking.
