Temadag for fagfolk om kompostering
Korleis skal vi få folk til å setje i gang med kompostering? Avfall Norge kallar inn til temadag. Temadagen er retta mot deg som har ansvar for handsaming av avfall, til dømes i ei kommune.
Kompostering heime hos den einskilde har lenge vore ein del av planen for at kommunane skal få ned mengda avfall som skal handsamas. Dette gjeld særskilt det våtorganiske avfallet i restavfallet. Forbodet mot såkalla deponering og klimatrugselen har auka merksemda på kompostering heime hos folk.
No kallar Avfall Norge inn til temadag om kompostering heime i regi av kommunane. Tilstellinga skjer i Oslo REN sine lokalar i Nydalen 17. mars. Hensikta med temadagen er å bygge opp kunnskap om kompostering heime og om nettverk på området.
Velg svanemerka
Fem svanemerka kompostbehaldarar er på marknaden. Seinast i fjor haust fekk Grønne Johanna lisens til å bruke Svanen. Ein svanemerka kompostbehaldar er laga med strenge miljø- og helsekrav til plastmaterial, isolasjon, trevernmiddel og lim. Du kan velje mellom fleire svanemerka kompostbehaldarar på marknaden i dag.
Vel du ein svanemerka kompostbehaldar, er du sikra å få ein som er effektiv. Og sluttproduktet vert eit godt jordforbetringsmiddel. Det viktigaste er at svanemerka kompostbehaldarar har bestått omfattande funksjonstesting som sikrar at det organiske materiale verkeleg komposterer.
Målgruppa for temadagen er tilsette i kommunar og kommunale verksemder som har ansvar for å følgje opp ordningar for kompostering heime i regi av kommuna samt fagfolk som held kurs og leverandørar. Erfaringane frå det fyrste seminaret som blei heldt i 2005 blir ført vidare med særskild blikk på:
· Ny kunnskap om kompostering heime
· Erfaringar i kommunane
· Erfaringar med kurs
· Kompostering heime i skuler og burettslag
Temadagen blir avslutta med ei vitjing ved Pilestredet Park (gamle Rikshospitalet, kort veg til Nationaltheatret stasjon).
No som Svanen er så utbreidd, er det ikkje noka sak å ta omsyn til miljøet også ved kompostering heime.

Temadag i Avfall Norge