Svanen tema i FN

v3_un.jpg

Semja er brei om at miljømerking, slik som til dømes Svanen, kan hjelpe utviklingslanda.

Av Miljømerking 19.05.2010

Under FN sitt 18. møte i The UN Commission on Sustainable Development (CSD) 13. mai, inviterte Nordisk Ministerråd delegatane til ei samling for å drøfte korleis miljømerking kan hjelpe utviklingslanda.

Drøftinga syna at det var brei semje om at miljømerking kan hjelpe utviklingsland til å oppnå ei bærekraftig utvikling. Dette kan skje ved at landa produserer og marknadsfører slike produkt.

Forbrukarane i landa kan spele si rolle ved å velje desse produkta. Det internasjonale miljømerkingsnettverket GEN gjev si støtte til at utviklingslanda utviklar såkalla Type 1 miljømerkingssystem. Svanen er eit døme på eit slikt system.

Vidare vart det understreka at miljømerking kan gje verksemder eit fortrinn på marknaden, både i land som er utvikla og i land som ikkje er utvikla.

Del |