Svanemerka kosmetikk inneheld ikkje triklosan

NRK melder at folk ikkje er godt nok verna mot stoff i kosmetikk som drep bakteriar. Dei peikar særskilt ut triklosan som er i bruk i tannkrem, deodorantar og såpe. Vel du svanemerka kosmetikk, slepp du å tenke på dette. Svanemerka kosmetikk får ikkje inneholde triklosan.
NRK skriv at ekspertar og lovgjevarar lenge har vore klar over problema med triklosan. Stoffet skadar miljøet og ein trur også at det kan skade helsa til menneskjer.
Ifølgje NRK har EU sin vitskapskomité (SCCP) slått fast at grenseverdiane kan vere for låge om ein bruker mange produkt med triklosan samstundes.
I den danske testen vart det funne triklosan i fire tannpastaer. Nokre av desse er også er på den norske marknaden. Så langt finn du ikkje svanemerka tannkrem i Noreg.
- Miljømerking tillet ikkje triklosan i kosmetikk. Triklosan skader miljøet og ein unødig bruk av antibakterielle stoff som triklosan kan skape motstandsdyktige bakteriar som vert resistente mot antibiotika, seier fagsjef Aina Seland i Miljømerking
