Svanemerka dekk best i test
Den sjølvstendige tyske testverksemda TÜV SÜD Automotive har kåra det svanemerka Goodyear EfficientGrip til best i test.
Av Miljømerking 28.04.2009
Goodyear Efficient Grip blei svanemerka i februar i år og har kring femten prosent lågare rullemotstand enn dekk ein kan samanlikne med. Derfor vert forbruket av drivstoff mindre og dekket er eit betre miljøval. Eigenskapane til dekket på vegen er likevel ikkje dårlegare enn andre dekk.
No har TÜV SÜD Automotive samanlikna det svanemerka dekket med fire marknadsleiande konkurrentar og EfficientGrip kjem best ut. Ifølgje testverksemda er Goodyear EfficientGrip betre enn konkurrentane både når det gjeld rullemotstand, forbruk av drivstoff og tryggleik på vegen både på tørr og våt asfalt.
