Svanemerka premiére hos frisøren

Nå kan du få svanemerka hårpleieprodukt hos frisøren. På tide å ta sommarsveisen?
Mange likar godt å gå til frisøren. Håret blir vaska, klipt og stelt etter alle kunstens reglar. Men frisørane sin kvardag har ikkje alltid vore like god: Dei fleste hårpleieprodukta inneheld kjemikaliar som verken er bra for det ytre miljøet eller for arbeidsmiljøet til frisørane. Bransjen er derfor prega av stort fråfall grunna astma og allergiar. Mange produkt til hårpleie og farging er fullt lovlege å marknadsføre, til tross for at ingrediensane er kjent som irriterande for huden, allergiframkallande, giftige og miljøskadelege.
Med hud og hår
Mange forbrukarar er også opptekne av kva slag stoff som finst i produkta for sin eigen del. Vi har lest om parabener og andre miljøgifter, og blitt meir medvitne om at det vi smørjer på huda eller i håret, også kan kome inn i kroppen vår eller renne ut i naturen med vaskevatnet.
Eit stoff som for eksempel gjer sjampoen glatt og fin, kan forstyrre hormonbalansen om det kjem inn i blodomløpet vårt. Dette skjer naturlegvis ikkje etter ein vask. Men vi blir eksponert for slike stoff gjennom svært mange av dei produkta vi omgjev oss med til kvardags. Og det er summen av alle ting som er utslagsgjevande.
Godt, grønt val
Med danske Soulglow får vi dei første svanemerka profesjonelle hårpleieprodukta til Noreg. Svanemerka hårpleieprodukt inneheld verken allergene fargestoff eller konserveringsmiddel, parabener eller andre stoff som EU mistenkjer å vera hormonforstyrrande.
Det er fire produkt i Soulglow-serien: Sjampo for farga hår, balsam, volumspray og voks.
Enkelt og greit importerar Soulglow til frisørar i Noreg.

Høyoppløselig bilde