Nytt miljøhotell i Haugesund

Haugesund har no fått ein nytt, grønt overnattingstilbod: Scandic Haugeund er svanemerka.
Scandic Haugesund vart opna i februar, men har nyleg blitt godkjent som svanemerka hotell. Dette tyder at hotellet brukar lite energi, skaper lite avfall og brukar lite miljøskadelege kjemikaliar. For å kunne bli svanemerka, har hotellet dokumentert at dei driv effektivt når det gjeld bruk av strøm og vatn, at dei brukar reingjeringsmiddel som er skånsomme mot menneske og miljø, og at dei ikkje produserar så mykje avfall.
Svanemerket stiller krav til heile drifta av hotellet, ikkje berre dei tekniske sidene. Også ting som tilbodet av økologisk mat i restauranten eller bruken av eingongsartiklar blir vurdert. Alt i alt er eit svanemerka hotell effektivt å drive, triveleg å bu på, og ein god arbeidsplass.
- Vi er stolte av å kunne tilby tilreisande og Haugesund si befolking ikkje berre eit moderne hotell, men også eit hotell der vi har tatt omsyn til miljøet gjennom hele byggeprosessen og med tanke på den daglege drifta, seier hotelldirektør Mathias Mansoori.
