Bli oljefri

logo-oljefri.jpg

Å bytte ut oljefyren med miljøvennleg oppvarming er ein enkel og effektiv måte å redusere klimagassutslipp på. Den nye nettstaden oljefri.no viser korleis du får det til.

Av Miljømerking 15.10.2010

Oljefri.no blei starta opp av Naturvernforbundet i Bergen høsten 2008. Målet med prosjektet var å formidle kunnskap om klimavennlege alternativ til oljefyring, og å gjera vegen frå kunnskap til handling kort. Målet er at oljefri.no skal bli ein nyttig informasjonskanal og eit godt verktøy for å klare overgangen frå oljefyrt og fossil til oljefri og fornybar.

Oslo kommune har som mål at byen ikkje skal fyre med olje innan 2020. Bolig- og byggeigarar i Oslo får derfor god drahjelp frå kommunen. Det er viktig, ettersom det kan væra ei stor investering å bli oljefri. På sikt kan dei fleste spare mykje pengar på å skifte til fornybar varme.

Prosjektet oljefri.no er støtta av Bergen kommune, Oslo kommune, Hordaland fylkeskommune, Fjell kommune, Klima- og forurensingsdirektoratet, Klimaløftet, Framtidens byer og BKK.

Les meir på oljefri.no

Del |