Overgangsperiode for ftalatar i leiker
Noreg skal forby ftalater i leiker òg til større barn. Men i ei overgangsperiode vil forbrukarane framleis finne gift i leiker.
Neste år kjem dei svanemerka leikene.
For at industrien ikkje skal tape pengar, får leiker framleis innehalde ftalatar som kan være skadelege for helsa, skriv Teknisk Ukeblad. Bransjen får selje leiker som inneheld ftalatar i tre månader etter at stoffa blir forbode i slike produkt.
Statens forurensningstilsyn vedgår at innspel ifrå bransjen har vært med på å leggje til rette for ei overgangsperiode på tre månader. Men tilsynet legg vekt på at tidsnød òg er ein viktig faktor her.
Les meir hos Teknisk Ukeblad
Miljømerking i dei nordiske landa vedtek på nyåret nye miljøkrav til leiker. Da får forbrukarane moglegheit til å velje trygge alternativ til dei minste.
Vi du vite meir om miljømerking av leiker?

Ta kontakt med Miljømerking dersom din bedrift vil finne ut meir om korleis ein søker om svanemerking av leiker.
Les meir
Les meir om leiker:
Svanemerking av leketøy (20.09.2006)
