Informasjon om etikk er viktig

0_205_0.gif

Forbrukarane vil ha informasjon om korleis klede og sko blir produsert. Svanemerket er i dag den einaste merkeordninga som krev dokumentasjon gjennom heile produksjonen.

Av Miljømerking 21.09.2007

Organisasjonen Sveriges Konsumenter arrangerte denne veka konferanse i Stockholm om ansvarleg mote.

Vil ha informasjon
På konferansen blei ei undersøking blant nordiske konsumentar presentert. Undersøkinga syner ifylgje magasinet Råd & Rön at om lag halvparten av dei spurte meiner det er viktig eller særs viktig å få informasjon om etikk når dei kjøper klede, tekstilar eller sko. 50 til 75 prosent meiner òg at dei ikkje får nok informasjon til å gjøre gode etiske val - og dei meiner både miljø og arbeidstilhøve hører heime i den etiske vurderinga.

Svanemerket krev dokumentasjon heile vegen
Konferansen i Stockholm drøfta etiske merkeordningar. Det blei mellom anna hevda at det er vanskeleg å lage ei ordning som dekker alle ledd i produksjonen av klede. Direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking var ein av innleiarane på konferansen. Ho understreka at det ikkje er naudsynt med ei ny merkeordning og at Svanemerket krev dokumentasjon ifrå heile produksjonen.

Forbod mot barnearbeid ikkje løysinga
Deltakarane på konferansen om ansvarleg mote diskuterte barnearbeid, og Rasmus Juhl Pedersen ifrå Redd Barna i Danmark peika på at sjøl om leverandørane forbyr barnearbeid i kodeksane sine, så skjer kontroll berre i første ledd i produksjonskjeda. Juhl Pedersen sa òg at det ikkje er løysinga å forby alle former for barnearbeid, sidan det ikkje alltid er til hjelp å forby ungdommar å gjøre lett arbeid for å være med på å forsørje familien.

Les meir:

Del |
2_2701_0.jpg

Direktør Alvhild Hedstein i Miljømerking legg vekt på at Svanemerket krev dokumentasjon ifrå heile produksjonen.


3_2701_0.jpg
Les mer om etikk på nettstedet Etiskforbruk.no!