Miljøpris til svanemerka verksemd

5_205_0.jpg

Miljøprisen EMAS Awards 2008 for små og mellomstore store verksemder er tildelt Grøset på Kirkenær. Grøset Trykk AS er eit svanemerka trykkeri. Prisen vart delt ut av Europakommisjonen ved Miljøverndepartementet i Noreg.

Av Miljømerking 05.02.2009

Årets EMAS-pris la særleg vekt på følgjande: Minsking av klimagasser, forbruk av energi og energieffektivitet, samt utvikling av kriterium i samsvar med dette. Grøset vert omtalt som ein foregangsverksemd i grafisk bransje når det gjeld satsing på miljø.

- Det er inspirerande å få heider for vårt arbeid, seier ein nøgd miljøansvarleg Mari Breen i Grøset Trykk AS til In Publish.

Del |