Miljøpris til svanemerka hotell

I samband med verdas miljødag 5. juni, fekk Britannia Hotel i Trondheim ei miljøutmerking frå Sør-Trøndelag Venstre.
Av Miljømerking 05.06.2009
Partiet rosa hotellet for å bruke miljø som rettesnor for korleis hotellet vert drive.
Britannia Hotel blei svanemerka tidlegare i år. Sør-Trøndelag Venstre framhever denne satsinga i grunngjevinga for utmerkinga.
Lokalavdelinga peikar på at krava for å bli svanemerka er strenge og at hotellet forpliktar seg til å satse på miljø.
Miljøprisen er eit diplom og ein sykkel.
