Bu klimaklokt - i Sverige

interior2.jpg

Svenskane er først i Norden med svanemerka leilegheitskompleks.

Av Miljømerking 29.08.2011

I dag blir Snökristallen burettslag åpna i Västertorp like ved Stockholm. Her er det 36 ett- til femroms leilegheiter som er bygd på den mest miljøtilpassa måten som finst. Det er streng kontroll under heile byggeprosessen, slik at ein ikkje får fuktskader i bygget. Materialvala i heile huset er gjort med miljøet for auge: Alt trevirke er sporbart og kjem frå bærekraftig drive skog. Lim, fugemasse og maling inneheld minimalt med miljøskadelege stoff. Veggar og vindauge isolerer godt og gir eit lunt og velventilert innemiljø med minimal energibruk. Leilegheitene er også utstyrt med energieffektive kvitevarer. Det låge energiforbruket gir bebuarane lågare felleskostnader.

Det er svenske Veidekke som har bygd og selt det svanemerka bustadskomplekset. Hustypa heiter TellHus. Veidekke melder at kvar enkelt leilegheit reduserar sitt CO2-utslepp med 1,5 tonn per år samanligna med ein svensk gjennomsnittsleilegheit. Det er like mykje som ein familiebil slepp ut på 10 000 kilometer.

Fleire svanemerka bustadsblokkar er under planlegging og oppføring i Sverige.

- Det er inspirerande å sjå det første svanemerka leilegheitskomplekset. Det håpar eg også dei norske entreprenørane synes, så vi kan bu klimaklokt i Noreg, óg, seier Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking.

Les meir på det svenske svanemerket sine nettsider.

Del |