Jotun Lady vinn testen nok ein gong
For andre gång i år er svanemerka maling testvinnar.
Av Miljømerking 27.05.2009
Seinast i mars vart svanemerka Jotun Lady kåra til testvinnar av nettstaden klikk.no. No har Sveriges Tekniska Forskningsinstitut (SP) kome til eins resultat.
Det svenske instituttet testa åtte typar maling som er løyseleg i vatn. Konklusjonen var klar: Nokre av malingane som er løyseleg i vatn er like bra, om ikkje betre enn malinga som er basert på olje. Vinnaren av testen er norske Jotun Lady!
Fleire typer maling på den norske marknaden er svanemerka, men så langt berre maling til bruk innandørs.
