Hugs svanemerka solkrem i påsken

paaskefjell.jpg

Du kan velje mellom 20 forskjellige merker solkrem med Svanen. Dette er trygge val for både barn og vaksne. Du finn også eigne solkremar for småbarn.

Av Alvhild Hedstein 18.04.2011

Innhaldet i kosmetiske produkt kan vere unødig skadelige. Derfor bør du sjå etter Svanemerket når du kjøper solkrem.

Svanemerka solkrem tilfredsstiller ei rekke miljøkrav, frå nedbrytning av innhaldet i naturen og innhald av parfyme, til fargestoff og konserveringsmidel og ei rekke andre stoff. Miljømerking stiller også krav til eigenskapar ved bruk og innpakning.

Dei svanemerka produkta som vernar mot sola, kan du kjøpe i daglegvarebutikkar og apotek.

No som Svanen er så utbreidd, er det ikkje noka sak å ta omsyn til miljøet.

Her er dei svanemerka solkremane:

• Babyline Sollotion Faktor 30, 25, 50 og 150 ml
• Bamse Sollotion faktor 30
• COOP Änglamark Minirisk Sunlotion faktor 6, 200ml
• COOP Änglamark Minirisk Sunlotion faktor 15, 200ml
• COOP Änglamark Minirisk Sunlotion faktor 30, 200ml
• COOP Änglamark Minirisk Aftersun lotion, 200ml
• Derma Solcreme SPF 10, 75 og 200 ml
• Derma Aftersun lotion, 75 og 200 ml
• Derma Solspray SPF 10, 150 ml
• Derma Solspray SPF 20, 150 ml
• Derma Aftersun Spray, 150 ml
• Derma Baby Solcreme SPF 30, 200 ml

Del |