Bu grønt i framtida

dsc_2717.jpg

Bygg og bustad står for 40 prosent av energiforbruket, 40 prosent av klimagassutsleppa og 40 prosent av avfallsmengdene i verda. Korleis kan vi bygge grønare?

Av Miljømerking 04.11.2011

Dette var temaet då Miljømerking avvikla frokostseminar om korleis våre framtidige, grøne bustader kan vera. Svært mange bransjeaktørar ville vere med, og seminaret vart tidleg fullbooka.

Dei frammøtte fekk høyre korleis Husbanken jobbar med å gi økonomiske incitament for å stimulere miljøtilpassa bustadbygging. Skal du bygge eit svanemerka hus, får du lån med Husbanken si beste rente til det. Georg Vesterhus, regiondirektør i Husbanken, fortalte korleis svanemerka hus oppfyller Husbanken sine kriterier for grunnlån, og at dei jobbar for å få på plass intensjonsavtaler mellom Husbanken og utbyggarar som har høge miljøambisjonar.

Veidekke i Sverige er eksempel på ein utbyggar som tar miljø på alvor. Johnny Kellner, teknikk- og miljøsjef i Veidekke, prata om korleis dei høst byggde ferdig og opna dei første svanemerka bustadsblokkane i Norden. Dette skjedde like utanfor Stockholm i august i år. Svenske Veidekke har utvikla og bygd ein hustype dei kallar TellHus. Dette er eit velisolert og energigjerrig bygg som berre gjev halvparten så store utslepp av CO2 som ordinære bygg. TellHus er svanemerka. Kellner avslutta med at han håpa at norske Veidekke snart følger etter...

Svanemerkets eigen ekspert på bygg og miljø, Ola Rise, held foredrag om kva krav Svanemerket stiller til hus, og direktør Alvhild Hedstein snakka om korleis det offisielle miljømerket skal vera til nytte for utbyggarar, for forbrukarane og for miljøet.

Var du ikkje på seminaret? Då kan du laste ned og lese presentasjonane til høgre her.

Del |

Bilete frå seminaret

dsc_2711.jpgKlikk for å se større bilde
dsc_2711.jpgdsc_2714.jpgdsc_2715.jpgdsc_2717.jpgdsc_2719.jpgdsc_2720.jpgdsc_2722.jpgdsc_2723.jpgdsc_2725.jpgdsc_2727.jpgp1040697.jpgp1040698.jpg